Barnehageopptaket 2018

Foto: Arkiv - Klikk for stort bileteFoto: Arkiv

 

Ved hovudopptaket 2018 kom det inn 74 søknader. I opptaksmøtet vart det tildelt plass til 68 barn.

 

Herøy kommune gjennomførde samordna barnehageopptak 13. mars 2018. Samordna barnehageopptak vil sei at alle styrarane og seksjonsleiar barnehage går gjennom den einskilde styrar si innstilling til opptak til nytt barnehageår og tildeler plass der det er muleg. På denne måten sikrar ein at ein samarbeider om opptaket og sikrar likebehandling av barn og likebehandling av kommunale og private barnehagar. Det vert lagt stor vekt på brukarane sine ynskjer og behov så sant det er muleg.

Ved hovudopptaket 2018 kom det inn 74 søknader. I opptaksmøtet vart det tildelt plass til 68 barn. Føresette vil i dagane som kjem få brev om dette, og det er viktig å så raskt som muleg sende inn svarslippen om ein tek imot plassen eller ikkje.

Etter opptaket står 6 barn på venteliste. Dette er barn som ynskjer begynne seinare på året eller ved årsskiftet. Desse barna søkjer plass i Indre Herøy. Barnehagane i indre Herøy har slik situasjonen er no etter opptaket fulle barnegrupper frå august 2018. Skulle situasjonen endre seg, at barn sluttar eller går ned i plass, vil dei som står på venteliste få tilbod om plass. Det er framleis ledige plassar i Ytre Herøy, så dei som står på venteliste i indre, vil få barnehageplass i Ytre Herøy om dei ynskjer det.

Dei fleste av barna har fått tildelt plass i den barnehagen som var sett opp som 1. prioritet. Nokre få barn har fått tildelt plass i den barnehagen dei sette på 2. eller 3. prioritet fordi det ikkje var plass i den barnehagen dei sette på 1. prioritet.

Sjølv om ikkje alle barn som søkte barnehageplass innan fristen for hovudopptaket har fått tildelt plass i den barnehagen dei ynskjer plass i, så har Herøy kommune etter definisjon full barnehagedekning. Kommunen har plikt til å tilby barnehageplass til dei som har rett til plass innanfor kommunegrensen i den kommunen ein er busett.

Herøy kommune minner om at det er muleg å søke om redusert foreldrebetaling. Det er familien si samla inntekt som avgjer om ein har rett til redusert foreldrebetaling for barn i barnehage. Regelen er at ingen skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Søknadsskjema og informasjon om søknad om redusert foreldrebetaleing finn ein på Herøy kommune si heimeside.

Husk å søke om redusert foreldrebetaling i god tid før neste barnehageår tek til. Då sikrar du at du får rett faktura allereie frå august månad.

Publisert av Laila Solhaug. Sist endra 14.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering