Brevrøyster

Brevrøysting - Klikk for stort bilete

 

I samband med folkerøystinga i Herøy kommune 27. februar 2017 kan det nyttast brevrøysting. Dette skal nyttast av dei som ikkje kan røyste i førehandsperioden frå 16.01. til 24.02.17 eller på sjølve dagen 27.02.17.

Det er viktig at brevrøysta vert sendt så tidleg som mogleg slik at Herøy kommune har motteke denne innan 27.02.17 kl. 21.00.

Framgangsmåte ved røysting pr. brev (vi nyttar same prosedyre som ved vanleg val jf.valforskrifta § 28):

  1. Nytt enten røystesetelen skrive ut frå heimesida her eller eit blankt ark der du skriv på alternativet du ynskjer.
  2. Legg røystesetelen/arket i ein tom konvolutt og lim igjen.
  3. Legg deretter den blanke konvolutten i ein ny konvolutt og påfør den følgjande opplysning:
    • Folkerøysting Herøy kommune 27.02.17.
    • Namn og adresse i Norge
    • Fødselsnummer
    • Skriv under med namn og dato
    • Om muleg bør eit vitne bekrefte at det som er påført konvolutten er rett
  4. Legg konvolutten i ein oversendingskonvolutt til:

Valstyret i Herøy kommune,
postboks 274 ,
6099 Fosnavåg

Det kan kanskje virke som ein noko omfattande måte å gjer dette på, men det er gjort fordi valet skal vere hemmeleg. Vi opnar aldri konvoluttane utan at vi er to til stades og aldri begge konvoluttane til same tid.

Publisert av Hilde Skinnes. Sist endra 17.01.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering