Delar du brønn med naboen?

Har du ein brønn som drikkevasskjelde, må du no registrere denne.  - Klikk for stort bileteHar du ein brønn som drikkevasskjelde, må du no registrere denne.

No skal alle små vassforsyningssystem bli registrert.

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, til dømes ein brønn som gir drikkevatn til meir enn ein enkelt bolig, og også om du får drikkevatn frå tjern eller bekkar. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du ved mattilsynet.no. 

Registrering enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er berre nokre få spørsmål i tillegg som skal svarast på.

 

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan til dømes vere særs viktig når kommunen legg planar for bruk av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.

 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som satte tydeligare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

 

Har du spørsmål om registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 14.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering