Driftstilskot til frivillige organisasjonar 2018

Dans ved Herøy kulturskule (foto arkiv) - Klikk for stort bileteDans ved Herøy kulturskule (foto arkiv)

Driftstilskot kan søkjast av alle organisasjonar, lag og foreiningar som driv eller vil starte kulturverksemd i Herøy kommune.

Tiltak for born og unge skal prioriterast, og organisasjonar som tradisjonelt berre har medlemer over 20 år kan ikkje søkje om driftstilskot. 

Søknadsfrist er 1. april

For å kunne gi driftstilskot må søkjar legge ved:

  • medlemsoversikt eller frammøtelister
  • årsmelding og rekneskap

Nyetablerte organisasjonar kan søkje om oppstartingstilskot til nytt lag

Driftstilskotet vert fordelt slik:

  • song og musikk etter medlemstal. I tillegg ligg det til grunn ein fordelingsnøkkel mellom instrumentalgrupper og kor, samt for evt. diregentsamarbeid.
  • idrett etter medlemstal
  • barne- og ungdomsorganisasjonar med grunnstønad og etter medlemslister/frammøtelister

Søknadsskjema 

Sjå retningslinene for meir informasjon

Er du oppført i registeret Lag og organisasjoner?

 

Publisert av Lene Utseth. Sist endra 15.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering