Droneleik på eige ansvar

Droneleik.jpg - Klikk for stort bilete

Har du ei drone som du nyttar til leik og hobby?

Hugs at det er du sjølv som har ansvar for å kjenne til lover og regelverk når det kjem til droner. Droneleik går under «modellfly» i lovverket og ein kan lese om dette på www.lovdata.no. Sjå linkane til høgre på sida for meir informasjon.  

Fem hovudreglar:

1: Du skal alltid kunne sjå dronen og fly den på ein omsynsfull måte. Aldri fly i nærleiken av ulykkesstadar.

2: Ikkje fly nærmare enn 5 km frå lufthamner med mindre anna er avtalt.

3: Ikkje fly høgare enn 120 meter over bakken.

4: Ikkje fly over festivalar, militære område eller sportsarrangement. Hald ein avstand på 150 meter.

5: Ta omsyn til andre sitt privatliv. Husk reglane for bruk av foto og video av andre personar (Datatilsynet.no).

Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 08.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering