Eg kjenner deg

Marta og Yakob har ikkje sett kvarandre på 26 år. Foto Kristoffer Nærø Ytterland - Klikk for stort bileteMarta og Yakob har ikkje sett kvarandre på 26 år. Foto Kristoffer Nærø Ytterland

I Eritrea er det seks millionar menneske og i hovudstaden Asmara er det ein million. Kor sannsynleg er det då at to i frå same nabolag kjem til Herøy?

Kristoffer Nærø  Ytterland, miljøterapeut i flyktningtenesta, fortel at dette var veldig rørande og eit heilt utruleg samantreff.
 

Ytterland var med då Marta og Yakob trefftest i kyrka. Han fortel at Marta Negasi nettopp har flytta hit saman med dei fire borna sine. Ho hadde vore på litt omvising i nærmiljøet og skulle innom kyrkja.
Yakob var på jobb denne dagen og dei møtte kvarandre, men kjente kvarandre ikkje igjen. Kristoffer spør Yakob kvar han kjem frå og han svarar. Det viser seg at Marta kjem frå same by, same bydel og same nabolag. Framleis kjenner dei ikkje kvarandre igjen. Då Marta fortel  kva ho heiter kjenner Yakob henne. «Eg kjenner deg» seier Yakob.

- Kvar flyktning som kjem til Noreg vert busett og fordelt heilt tilfeldig. At to personar som har vakse opp i same nabolag, har vore barndomsvener,  i slekt vert busett i Herøy er vel meir enn eit mirakel.  At Marta også fikk den same leilegheita som Yakob budde i då han  kom hit gjer saka endå meir spesiell, seier ein rørt Ytterland.

Marta og borna held no på å gjere seg kjent i kommunen. Ho er veldig spent  og ser fram til å starte livet i Herøy.

Publisert av Wenche Moltu. Sist endra 05.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering