Eggesbønes, Paradisbukta: Varsel om oppstart på planarbeid og høyring av planprogram

DJI_0004.JPG - Klikk for stort bilete

Varslar oppstart på planarbeid og legg forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn i minst seks veker.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-3 og §12-8 varslar vi med dette at formannskapet i møtet 04. juli, F-sak 110/17 vedtok å varsle oppstart på planarbeid, samt å leggje forslag til planprogram for Eggesbønes ut til offentleg ettersyn i minst seks veker.  

Målet med planen er å leggje til rette for utviding av Marine Harvest AS sitt anlegg på Eggesbønes, m.v. Planarbeidet skal utførast som ein detaljreguleringsplan (jf. plan- og bygningslova § 12-3) med tilhøyrande planprogram og konsekvensutgreiing (KU).

 

Saksdokumenta ligg vedlagt på lenkjene under.

Frist for innspel: 08.09.2017

Skriftlege innspel skal sendast til Herøy kommune, utviklingsavdelinga, Pb 274, 6099 Fosnavåg eller pr. e-post til postmottak@heroy.kommune.no innan den oppgjevne fristen.

 

Vedlegg:

Forslag til planprogram (PDF, 960 kB)

Saksprotokoll, F-sak 110/17 (PDF, 316 kB)

Publisert av Erlend S Vikestrand. Sist endra 17.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering