Ekstra tøming av bossdunk ved Runde hamn

DSC01405.JPG - Klikk for stort bilete

Det vert ekstratøming av bossdunk ved Runde hamn i sommarsesongen. 

Herøy kommune har fått tilbakemeldingar frå Runde grendalag om at det det tidvis flyt med boss rundt bossdunken ved Runde hamn.

Vi ynskjer sjølvsagt ikkje at det skal sjå slik ut på ein så viktig turistdestinasjon som Runde er, og har difor innført ei ordning der bossdunken vert tømd kvar veke i sommarsesongen.

Bossdunkane kommunen har plassert på Runde og andre stader i kommunen, er for turistar og andre besøkande.

- Vi opplever tidvis at desse vert brukt til bygningsavfall og liknande. Om ein observerer at det vert kasta slikt avfall i bossdunkane vil vi gjerne ha ei tilbakemelding om det, kommenterer Torger Kvalsund som er driftsingeniør i Herøy kommune.

- Vi håper dette tiltaket vil føre til eit hyggelegare opphald på og ved Runde hamn, avsluttar han.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 12.07.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Torger KvalsundTorger Kvalsund Driftsingeniør
901 56 347
@ Torger Kvalsund
Login for redigering