Elevar frå Ytre Herøy ungdomsskule briljerte i konkurranse

Ytre Herøy ungdomsskule briljerte i konkurranse om fiske og fangst. Her med vinnarane: Ingolf Olai Reite (til venstre) frå klasse 10B og Andreas Remøy frå klasse 10C. - Klikk for stort bileteYtre Herøy ungdomsskule briljerte i konkurranse om fiske og fangst. Her med vinnarane: Ingolf Olai Reite (til venstre) frå klasse 10B og Andreas Remøy frå klasse 10C.

Dette skjedde under Fiskeflåtens Ungdomsmønstring i Ålesund førre fredag. Ytre Herøy ungdomsskule vann den flotte premien på 10.000 kroner.

Arrangementet vert skipa for rekruttere ungdom til fiskeri- og sjømatnæringa, og 1000 ungdomar frå Sunnmøre og Romsdal var med på mønstringa. Arrangementet er det største av sitt slag i landet, og skjer i samarbeid mellom Surofi (Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag), Fiskebåt Vest, Møre og Romsdal fiskarlag og Marint Kompetansesenter. 

Andreas Remøy frå klasse 10 C og Ingolf Olai Reite frå klasse 10 B frå Ytre Herøy ungdomsskule stod til slutt att som vinnarar av konkurransen. Spørsmåla dreia seg om fiske og fangst.

Fire andre skular var også med i konkurransen, og konkurransen var laga til med kahoot (som er ei spelbasert læringsplattform). 

Pengepremien skal brukast på eit kjekt tiltak som skal kome heile klassesteget til gode.

Vi gratulerer dei flinke deltakarane og resten av skulen med sigeren!

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 31.08.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering