Endring i FRAM Flexx-tilbodet i Herøy kommune

FramFlexx 2017.JPG - Klikk for stort bilete

Det vert endringar i FRAM Flexx-tilbodet i Herøy kommune frå 1. juni 2017.

Som følge av endringar i rutetider for buss og ferje, blir det nokre justeringar i FRAM Flexx-tilbodet i Herøy kommune. Endringane trer i kraft frå 1. juni 2017.
 
For oppdaterte tider, sjå frammr.no/flexx.
 
Her (PDF, 3 MB) kan du laste ned oppdatert brosjyre over FRAM Flexx-tilbodet i Herøy kommune. Endringane blir synlege i bestillingsportalen frå 1. juni.
 
FRAM Flexx er bestillingstrafikk og inngår som ein del av det ordinære kollektivtilbodet i Møre og Romsdal, men er ikkje som ein vanleg busstur. Du kan nemleg verte henta heime og verte køyrd til ein haldeplass for rutegåande transport som buss, ferje og hurtigbåt for vidare transport, eller henta og køyrd til sentrum i kommunen. For dette betalar du berre kr 50,- uansett lengde på turen.
 
Sjå elles vilkår i brosjyra i lenkja over eller i høgremargen.
 
Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 24.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering