Enova har tildelt Herøy kommune 200.000,- kr til ny hurtigladar for elbil

enova.jpg - Klikk for stort bilete

I september lanserte Enova eit nytt stønadstilbod til bygging av hurtigladarar. Herøy kommune er no først ute med å få tildelt stønad!

Stønadsbeløpet er på 200.000,- kr.

Den nye hurtigladaren er planlagt ved rådhuset i Fosnavåg sentrum.

Tiltaket er spelt inn i budsjettet for 2018. Før utbygging av infrastrukturen må tiltaket prioriterast i budsjett. Kommunen arbeidar no med budsjett for 2018 og økonomiplan 2019-2021. Kva tiltak som vert prioritert, avheng av politisk handsaming. Vanleg praksis er at budsjett og økonomiplan vert vedtatt i desember.

Publisert av Eldar Hansen. Sist endra 11.10.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Eldar HansenEldar Hansen Prosjektleiar infrastruktur
908 10 521
@ Eldar Hansen
Login for redigering