Får vi klatrepark i Fosnavåg?

klatrepark.png - Klikk for stort bilete

I august skal formannskapet ta stilling til om Fosnavåg skal få eigen klatrepark.

22. august vert det klart korleis ein ønskjer å utvikle parken i Fosnavåg vidare.

Klatrepark med fleire element

Formannskapet, som er styringsgruppe for byutvikling, handsamar saka om å utvikle parken i Fosnavåg. Saka er lagt fram av sektor for samfunnsutvikling, og planskissa inneheld klatrepark, sitjebenkar, sandkasse, drikkefontene i tillegg til fleire andre element.

 - Parken i Fosnavåg sentrum er eit offentleg byrom som ein ønskjer å vidareutvikle som sosial møtestad og aktivitetsarena. Vi ynskjer saman med formannskapet å legge til rette for opphald og aktivitet for ei brei gruppe av befolkninga, innbyggjarar og besøkande, og då særskilt for barn og unge, forklarar planleggar Tanja Rafteseth og kommunalsjef Jarl Martin Møller.

Realisering i 2018?

I samband med byutviklingsprosjektet for Fosnavåg er (by-)parken definert som eitt av dei fire viktigaste byroma i eit framtidig sentrum.

- Dersom formannskapet gir tilslutnad til prosjektet, vil ein arbeide vidare med prosjektering og finansiering av klatreparken for å gjere realisering mogleg i løpet av 2018, avsluttar dei to med.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 26.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering