Ferdig steinsamling og nettløysing

Bergø (002).jpg - Klikk for stort bilete

 Her syner Espen Bergø fram store delar av stein-samlinga som vart gjeve av steinentusiasten Hallvard Eide. 

No er steinsamlinga på plass saman med ei nettløysing som gir oversikt over kvar ein kan finne stein!

 

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Samlinga som er på over 30 ulike spanande bergartar og mineralar, er henta rundt omkring i kommunen. No kan ein sjå samlinga ved resepsjonsområdet på Thon Hotel Fosnavåg eller i inngangspartiet på Herøy rådhus. Geodataingeniør Bergø har laga ei kartløysing på nett, der ein kan sjå kva område steinane er henta frå, med bilete og ei forklarande tekst på kva type bergart og mineral det er.

Lenka til geo-turismekartet: http://bit.ly/2zahcxP

Steintilmandag (002).jpg - Klikk for stort bilete

Geodataingeniør Espen Bergø frå utviklingsavdelinga i Herøy Kommune fekk besøk av Hallvard Eide frå Sjøholt førre veke der steinentusiasten Eide gav bort store deler av samlinga si. Utstillinga og kartløysninga er ein del av eit geoturismeprosjekt der ein skal visa fram kva flotte bergartar og mineralar vi har i kommunen.

 Her eit lite innsyn i samlinga. Alle er hjarteleg velkomen til å sjå.

Publisert av Lene Utseth. Sist endra 06.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering