Fleirmannsbustadar på Bergsøya

Illustrasjon for nettsideartikkel.PNG - Klikk for stort bilete

Per Mulvik AS har sendt inn forslag for korleis utnytte eit tomteareal på Bergsøya til fleiremannsbustadar. Les meir i denne saka.  

På vegne av Tomteservice AS har Per Mulvik AS utarbeidd ein detaljreguleringsplan for del av gnr. 30 bnr. 9 på Elsebø i Herøy. Planframlegget legg til rette for 22 bueiningar innanfor BKS 1 og 2.

Saka var oppe i Formannskapet 10.04.2018 der rådmannen rådde til at det vart innarbeida rekkefølgekrav om at leikeplassen måtte opparbeidast og ferdigstillast før det vart gjeve løyve til å ta i bruk husa. Formannskapet var samde i dette og har no lagt saka ut for å få innspel med denne endringa.

Dokumenta i saka finn du i menyen til høgre.

Frist for merknadar/innspel er 01.06.2018

Skjema for innspel finn du her.

Ta kontakt med Ole Magne Rotevatn ved sektor for Samfunnsutvikling for meir informasjon.

Publisert av Ole Magne Rotevatn. Sist endra 16.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering