Fokus på reglar for vannskuter

jetski-1814498 (002).jpg - Klikk for stort bilete

Skal du køyre vannskuter? Då er viktig at du er oppdatert på gjeldande reglar akkurat der du har tenkt å køyre. 

Tekst: Thomas Teige Sporsheim

Det har vore tragiske hendingar den siste tida med dødsfall ved bruk av vannskuter. Blant anna omkom den tidlegare langrennstjerna Vibeke Skofterund (38) etter ei tragisk ulykke på ferie i Arendal. Natt til 27.juli i år omkom også ein 16 år gammal gut etter at vannskuteren hans kolliderte med ein båt.

Reglar for vannskuter

Forbodet mot å køyre vannskuter er oppheva, men i nokre områder er det framleis ulovleg å ferdas med vannskuter. I fjor vart vannskuter likestilt med andre fritidsfartøy, og i utgangspunktet kan dei nyttast på lik linje med båtar i dei fleste områda. Likevel er det viktig å vere klar over lovene som innskrenkar moglegheita til å køyre vannskuter.

Det er kommunene som kan fastsette lokale forskrifter om bruken. Fartsgrensa for vannskuter er på fem knop nær land og kommuna kan sjølv sette fartsgrensa på sjøen. I tillegg finnast det lovverk som forbyr eller avgrensar bruken av vannskuter i heile eller delar av verneområda. Giske kommune ynskjer til dømes å innføre totalforbod mot bruk av vannskuter.

Utfordring for fuglelivet

Farta til ein vannskuter kan utgjere ein tryggleiksrisiko for dei som badar, ror eller seglar. Ein må vise omsyn til både fuglar og menneske. Ein vannskuter fører også med seg støy i områder som er spesielt viktige for sårbare fuglearter. Vert forstyrringa for omfattande skyr fuglane området – dei mistar levestaden sin. Med tanke på areala vannskutere evna å nytte, vert konsekvensane fort store og alvorlege.

Sjekk lokale regler

Nettopp det at regelverket varierar mellom kommunane, gjer at førar av vannskuter må vere nøye med å setje seg inn i kva slags reglar som gjeld akkurat der ein har planer om å køyre. Regelverket, og informasjon om vannskuterforskrifta, finn du hjå Klima- og miljødepartementet.

 

Publisert av Lene Utseth. Sist endra 06.08.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering