- For barnas beste må ein våge å tenkje det verste

Initiativtakarane til fagdagen saman med Erik Sandnes Oksavik frå Stine Sofies stiftelse. Laila Kvalsund Solhaug som er leiar for barnehage i Herøy til venstre, og Reidun Myrvågnes som er styrar i Myrsnipa barnehage til høgre. - Klikk for stort bileteInitiativtakarane til fagdagen saman med Erik Sandnes Oksavik frå Stine Sofies stiftelse. Laila Kvalsund Solhaug som er leiar for barnehage i Herøy til venstre, og Reidun Myrvågnes som er styrar i Myrsnipa barnehage til høgre.

Erik Sandnes Oksavik frå Stine Sofies stiftelse hadde torsdag 12. oktober fagdag for dei til tilsette i Herøy kommune. Temaet var barn som er utsette for vald og seksuelle overgrep.

150 deltakarar var samla i Herøy frikyrkje på denne fagdagen som var for alle tilsette i barnehagane i Herøy, tilsette i skule, helsestasjon og fysioterapeut som arbeider med barn. Nokre tilsette i barnehagane på Hareid og i Vanylven kom også.

- Alle som arbeider med barn og unge må for barnas beste våge å tenkje det verste, forklarar foredragshaldar Erik Sandnes Oksavik.

- Barn som er utsette for vald og seksuelle overgrep treng å møte vaksne som torer å handle og veit korleis dei skal gå fram. Barn treng også vaksne som vågar sette ord på dette viktige området slik at barn lærer at det går an å snakke med vaksne om slike ting, forklarar han vidare.

Viktig å arbeide førebyggjande

Barnehagekontoret har kjøpt inn materiell frå Stine Sofies stiftelse som barnehagepersonalet kan låne og bruke til eigen kompetanseheving om temaet og som eit hjelpemiddel i sitt møte med barna.

Dei som arbeider med barn og unge må både arbeide førebyggjande, kunne avdekke at barn ikkje har det bra, samt handle for å hjelpe barn som lever i slike vanskelege forhold. Dei må ha kunnskap om kva kjenneteikn barn som lever under slike tilhøve kan ha og kva ein som tilsett har plikt til å gjere. Alle må også kjenne til si opplysningsplikt og meldeplikt til barnevernet.

- Sektor for oppvekst håpar at denne fagdagen vil styrke dei tilsette til å aktivt handle til det beste for barna dei til dagleg har ansvar for, seier leiar for barnehage i Herøy, Laila Kvalsund Solhaug og Reidun Myrvågnes som er styrar i Myrsnipa barnehage.

Eit viktig og vanskeleg tema

Erik Sandnes Oksavik arbeider i Stine Sofies stiftelse som prosjektkoordinator og foredragshaldar, og sektor for oppvekst og seksjon barnehage som arrangerer denne fagdagen, har hatt stor forventning til kunnskapen han ville dele med dei.

- Han tek for seg situasjonen i Noreg i dag, kva ein kan sjå etter av teikn og kvifor det er så viktig å handle. Han tek også for seg korleis ein snakkar med barn om vold og overgrep, samt litt generelt om stiftelsen, fortel Laila Kvalsund Solhaug.

Nøgde deltakarar etter ein lærerik dag

Ho seiar at det berre har vore godord og gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

- Erik er ein dyktig førelesar som greidde å levandegjere dette alvorlege temaet slik at ein følte seg rørt kjenslemessig. Samstundes klarte han å synleggjere nye moglege handlingsmønster ein kan arbeide med i det daglege som vil hjelpe barn. Kunnskapsformidling om kva vaksne har lov til og ikkje har lov til å gjere med barn fekk også fokus. Samt dette å gi informasjon til barna om kor viktig at dei fortel til nokon både positive og negative opplevingar. Og ikkje minst, at det finst vaksne som er interessert i å lytte til dei, og at dei tenkjer på kven vaksne dei kjenner som dei kan fortelje både gleder og sorger til, avsluttar barnehageleiaren etter ein svært vellukka fagdag.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 13.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering