Forslag om overlevering av statlege fiskerihamner i Herøy

oversiktsbilde.jpg - Klikk for stort bilete

Kystverket har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å overlevere (avhende) ikkje-næringsaktive fiskerihamner.

I ein utkast til rapport frå kystverket vert det vurdert å overlevere fire av dei statlege fiskerihamnene i Herøy kommune.

Dette gjelder fiskerihamnene på Runde, Kopperstad, Skorpa og i Sandebukta.

I den samanhengen vil vi gjerne vite kva du meiner.

Rapporten frå kystverket kan du laste ned her (PDF, 3 MB). Rapporten er og tilgjengeleg i servicetorget.

Har du grunngjevne meiningar eller innspel til vedlagt rapport ynskjer vi tilbakemelding på dette innan fredag 05. januar 2018.

Innspel kan sendast på e-post til postmottak@heroy.kommune.no, som brevpost til Herøy kommune, p.b. 274, 6090 Fosnavåg, eller leverast på servicetorget.

Publisert av Susann Fosnavåg. Sist endra 06.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering