Frivilligsentralen har flytta

friv4.jpg - Klikk for stort bilete

No finn du dei i nye lokale i Herøy kulturhus, og ting har byrja å kome på plass.

- Vi manglar litt for at vi er skikkeleg på plass, men vi har akkurat starta opp med nokre ulike aktivitetar, fortel Ingvill Beate Sævik Bjørneset ved frivilligsentralen.

Ho fortel at om eit par vekers tid er dei klare for å markere flyttinga med ei nyopning.

- Vi ser veldig fram til å ønskje dykk velkomen innom i nye lokale, kommenterer ho muntert.

Ingvill Beate Sævik Bjørneset er elles tilgjengeleg kvar dag (måndag - fredag) på Frivilligsentralen mellom kl. 10.00 og 14.00.

Her har det vorte koseleg. - Klikk for stort bileteHer har det vorte koseleg.

Nyoppussa lokale. - Klikk for stort bileteNyoppussa lokale.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 12.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering