Full barnehagedekning i Herøy

Rå tråkking under mini-rittet. (Foto: Arkiv) - Klikk for stort bileteRå tråkking under mini-rittet. (Foto: Arkiv)

Nytt barnehageår er no godt i gong , og 91 nye barn har starta eller skal starte i ein av Herøybarnehagane. Alle som har søkt om barnehageplass i Herøy , har fått tilbod om plass.

Nokre søkjarar ynskjer stå på venteliste og starte seinare på året. Fleire av barnehagane har fortsatt ledige plassar.

Herøy har full barnehagedekning, og kan slik oppfylle søkjarane sin rett til barnehageplass. Rett til barnehageplass tyder at alle som fyller eitt år innan slutten av november og søkjer om plass innan fristen som er sett for hovudopptaket, har rett til barnehageplass.

Sektor Oppvekst håpar alle får gode oppstartsdagar og at det blir eit kjekt og spennande år.

Personalet skal jobbe med ny rammeplan og få til ein årsplan som gir gode og utviklande dagar for alle barn i barnehagane.

Lykke til med det nye barnehageåret!!

Publisert av Laila Solhaug. Sist endra 11.08.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering