Full fres på Fritidsklubben

Her ser vi frå venstre Mathias Dybvik, Karoline Velsvik Sivertsen, Mats Ingebrigtsen og Konrad Hauge Vorren på Fritidsklubben. - Klikk for stort bileteHer ser vi frå venstre Mathias Dybvik, Karoline Velsvik Sivertsen, Mats Ingebrigtsen og Konrad Hauge Vorren på Fritidsklubben.

Leiarane på Fritidsklubben gler seg til hausten og lovar mykje moro for ungdomane med både festival og kjekke fritidsaktivitetar.

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

- Det har vore eit kjekt og stabilt år. Det er gøy at så mykje flott ungdom har vore her og kosa seg. Dei har ein trygg plass å vere på fredagskveldane og det har alltid vore god stemning, både blant dei og vi som tilsette, seier Mathias Dybvik og Karoline Velsvik Sivertsen nesten i kor.

Full fres Majones

- Vi har det kjempegøy og finn på mykje tull, legg Mats Ingebrigtsen til som også er tilsett på Fritidsklubben. Han står litt i kiosken, sit litt i ein sofa, passar på ungdomane og lagar til bagettar blant anna.

- Elles er det ‘full fres majones’ som er gruppas motto, seier Karoline og Mathias.

Store planar

Til hausten vert det liv skal vi tru gjengen.

- Det er ‘Ung-Festival’ 1.september. Då vert det liv! Vi kan ikkje avsløre artistane heile endå, men det kjem nok i løpet av sommaren. Nokre overraskingar vert det nok også sannsynlegvis, men vi satsar på ei storstilt opning rundt skulestarten, legg Karoline til.

Kjekke tilbod

- Vi har dei faste ungdomane her, og viss dei ikkje er her på ein fredagskveld, så lurer vi på kvifor dei ikkje er her. Men dei brukar å ha gode unnskyldningar om det er tilfelle, smiler Dybvik.

- Vi har mykje kjekt å tilby her som biljard, bordtennis, fotballspel, air hockey, playstation på storskjerm i eige rom, ei kvilerom og heile idrettshallen der det kan spelast fotball og basket blant anna, avsluttar Karoline Velsvik Sivertsen.

Den kjekke Fritidsklubb-gjengen kan også legge til at dei har musikkbrakka til rådigheit for dei som vil spele musikk. Instrument må man ta med sjølv og det må avtalast på førehand grunna nøkkelavtaler. Gjengen ser fram til at faste gjestar og nye elevar tek turen til hausten og får oppleve kjekke, trygge og innhaldsrike fredagskveldar hjå Fritidsklubben.

 

Publisert av Dina Voldsund Djupvik. Sist endra 12.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering