Grunnvasstilstanden er lav

Prognose for utviklinga (bilde henta frå nettsida til varsom.no) - Klikk for stort biletePrognose for utviklinga (bilde henta frå nettsida til varsom.no)

Det har vore lite regn og dette påverkar grunnvasstilstanden.  I store delar av Møre og Romsdal er det enten lav eller veldig lav grunnvasstilstand.

Herøy kommune har motteke denne meldinga frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. I denne meldinga seier fylkesmannen at grunnvasstilstanden ser ikkje til å betre seg med det fyrste. Dette gjer at ein må vise aktsemd med vassittaket.

Meir informasjon finn du  på varsom.no og nve.no .

Men lite nedbør framover vil også skogbrannfara auke. På Meterologisk institutt gjer dei vurderingar av skogbrannfara. Det er viktig å følgje med også i denne utviklinga framover og vise aktsemd.

Herøy kommune har sendt e-post til dei større vassverka for å få innrapportert status i kommunen.  Ein har fått tilbakemelding frå fleire av desse om at abonnentane har fått melding tidlegare og sparing på vatn og at dette gjeld vidare.

 

Publisert av Wenche Moltu. Sist endra 11.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering