Happy or not

Happy or not.JPG - Klikk for stort bilete

Totalt 1160 personar  har det siste året fortalt oss kor nøgd dei har vore etter eit besøk på rådhuset. Omlag 87% av personane var veldig nøgd med besøket. Målingane er no avslutta.

Kommunen har ein del  brukarundersøkingar som gir oss tilbakemelding frå publikum som nytter ulike tenester. I tillegg har ein gjennomført innbyggarundersøking. I brukarundersøkingane og innbyggjarundersøkinga er ikkje målingane gjort rett etter eit besøk slik det er gjort for Happy or not.

På spørsmålet «Kor nøgd er du?» har totalt 1160 personar svara. 1022 personar (88,1%) er veldig nøgd, 77 personar (7%) er nøgd, 18 personar (2%) er mindre nøgd og 43 personar (4%) er ikkje nøgd med besøket på rådhuset.
 
Mest nøgd er personane på dagane måndag, tysdag og fredag. Resultata finn ein her. (PDF, 198 kB)
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 08.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering