Landbrukseigedom

Gardskart på nett

Med landbrukseigedom meiner ein eigedom som nyttast eller kan nyttast til jordbruk og/eller skogbruk. Slike eigedomar og areal vert omfatta av jordlov og konsesjonslov. Om du skal kjøpa eller overta fast eigedom, eller leiga eigedom for meir enn 10 år, må du normalt søkja kommunen om konsesjon (løyve). Erverv av landbrukseigedom med totalareal 100 daa eller meir - eller der det totale dyrka arealet er større enn 35 daa - er konsesjonspliktig. Handsaming av søknader skjer etter konsesjonslova.

Det føreligg ei rekkje unntak frå lova, t.d. er det konsesjonsfritt å overta ei enkelt hus-/hyttetomt dersom tomta ikkje er større enn 2 daa. Det same gjeld bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar totalt, og har under 35 daa dyrka jord. Overtaking frå nær slekt er også konsesjonsfritt. Ved konsesjonsfri overtaking må skjema "LDIR-360 Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ...." fyllast ut, og kommunen må stadfeste opplysningane. 

For andre erverv må det søkjast kommunen om konsesjon, på eige søknadsskjema. Viss det er buplikt på eigedomen, og overtakar ikkje buset seg på eigedomen innan eitt år etter overtakinga, må det også søkjast konsesjon. Konsesjonsgebyret er kr 5.000 uavhengig av kjøpesum. Buplikt i 5 år trer inn når ein tek over ein landbrukseigedom konsesjonsfritt frå nær familie eller når ein har odelsrett til eigedomen. Føresegnene i jordlova om driveplikt inneber at du har plikt til å drive eigedomen så lenge du eig den, og det gjeld frå overtakinga. Du har likevel ein frist på eitt år på å bestemme deg for om du sjølv vil drive eigedommen eller om du vil oppfylle driveplikta ved bortleige til andre .

 

Kontakt

Liv Bente Viddal tenesteleiar
90704008
@ Liv Bente Viddal
Børild Skåra rådgjevar
90699240
@ Børild Skåra