Har du eit flott bilete til kalendaren vår?

Her held leiar for eigedomsavdelinga, Robert Myklebust, 2017-kalendaren. Vi håpar på å få inn bidrag frå deg. - Klikk for stort bileteHer held leiar for eigedomsavdelinga, Robert Myklebust, 2017-kalendaren. Vi håpar på å få inn bidrag frå deg.

Vi treng ditt bidrag for kalendaren 2018. Motivet må vere frå Herøy.

Kvart år lagar Herøy kommune ein kalendar som dei tilsette i kommunen får til arbeidsstadane sine.

Du finn den som regel i alle kommunale bygg som barnehage, skular, rådhus, legesenter osv.

For å få til dette, treng vi eit flott foto vi kan bruke.

Har du eit bidrag? Send det gjerne til foto@heroy.kommune.no innan utgangen av oktober.

På førehand takk for hjelpa :-)

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 12.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering