Har du innspel til budsjett og økonomiplan?

coins-948603_1920.jpg - Klikk for stort bilete

Forslag til budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 har no blitt handsama i tre formannskapsmøter – sist i møte 28. november. Rådmannens forslag vart vedteke med nokre endringar.

I formannskapets framlegg til vedtak er driftsavdelingane styrka med om lag 1,5 mill kr i 2018 i høve til rådmannens framlegg.  Dette gjeld vesentleg innanfor det førebyggande arbeidet blant barn og unge.

I tillegg har framlegget til rådmannens investeringsplan for 2018 blitt redusert med om lag 16,75 mill. kr.  I tillegg er investeringsprosjekt flytta ut i tid.  Dei reduserte rente- og avdragskostnadane er brukt til å finansiere dei nye driftstiltaka.

Budsjettet for 2018 vert balansert ved bruk av om lag 11 mill. kr av kommunen sitt disposisjonsfond.

De har høve til å kome med innspel på budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 samt til nokre gebyr og avgiftssaker.

Innspela kan sendast inn på fleire måtar:

E-post: postmottak@heroy.kommune.no

Emnefelt: Budsjett 2018   for det som gjeld budsjett og økonomiplan

Eller emnefelt:  Gebyr- og avgiftssaker for det som gjeld desse sakene.

Post: Herøy kommune, Pb 274, 6099 Fosnavåg, merk med: Budsjett 2018. 

Elektronisk skjema: Du kan gå inn her og skrive innspelet i det elektroniske skjemaet.

Frist for innspel: 14.12.2017, kl 12.00

 

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 01.12.2017
Fann du det du leita etter?
Skjema (1)
Login for redigering