Har du innspel til ferje-, buss- og båtruter?

Illustrasjon: Ei av nyeferjene til Fjord1 som skal trafikkere Hareid-Sulesund frå januar 2019 vert sjåande slik ut. Innspel til ruteendringar på buss, ferje og båt treng vi likevel før den tid. - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Ei av nyeferjene til Fjord1 som skal trafikkere Hareid-Sulesund frå januar 2019 vert sjåande slik ut. Innspel til ruteendringar på buss, ferje og båt treng vi likevel før den tid.

Ønskjer du å kome med innspel til ruteendringar?

Kommunar, skular og andre er invitert til å kome med innspel til rutetider på ferje-, buss- og hurtigbåtruter.

Innspela vert samla og lagt fram for formannskapet som gir samla innspel frå kommunen.

Frist for å kome med ditt synspunkt er 1. juni og du gjer det ved å sende ein epost til postmottak@heroy.kommune.no og merk mailen: Innspel til ferje-, buss- og båtruter.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 15.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering