Har du innspel til julerutene?

Illustrasjonsfoto: mrfylke.no - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: mrfylke.no

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer innspel til rutetilbodet på ferjene i jule- og nyttårshelga frå jula 2018.

Ein ønskjer å legge til rette for eit heilskapleg og tilnærma likt rutetilbod på alle ferjerutene, utifrå kva trafikkstatistikken har vist på kvar enkelt rute i 2014 og 2015.

Dette medfører eit styrka tilbod på enkelte ruter, medan andre får eit svekka tilbod.

Innspela vert samla og lagt fram for formannskapet som gir samla innspel frå kommunen.

Frist for å kome med ditt synspunkt er 1. juni og du gjer det ved å sende ein e-post til postmottak@heroy.kommune.no og merk den med: Innspel til rutetilbod, jul 2018.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 19.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering