Har du innspel til Solparken?

Skisse Solparken 24.11.17.JPG - Klikk for stort bilete

Forslag til omregulering frå parkering til park/leik (Solparken) blir no lagt ut til høyring. Det vedtok formannskapet tysdag 28. november. Det betyr at du kan få sjå planen og seie di meining. 

Vedtaket lyder: "Med heimel i § 12-10 i plan- og bygningslova vedtek Herøy formannskap å legge framlegg til reguleringsendring frå parkering til park/leik, datert 21.11.2017, ut til offentleg ettersyn i 7 veker."

Det er utarbeidd eit planforslag med føresegner og ein omtale av planen. I tillegg kan du sjå ei skisse av parkområdet og lese beskrivelsen av korleis parken/leikeområdet kan bli. Hovudtrekka i parken er stort sett på plass, men detaljane skal vi arbeide meir med. Om du har eit innspel så send det skriftleg til kommunen innan fredag 19. januar 2018.

Innspela kan sendast inn på fleire måtar:

Mail: postmottak@heroy.kommune.no , emnefelt: Omregulering frå parkering til park/leik, 2017/1037

Post: Herøy kommune, Pb 274, 6099 Fosnavåg, merk med: Omregulering frå parkering til park/leik, 2017/1037.

Eller du kan gå inn her og skrive innspelet direkte i linken.

 

Her kan du gå inn og sjå dei forskjellige vedlegga i saka:

Publisert av Tanja Rafteseth. Sist endra 04.12.2017
Fann du det du leita etter?
Skjema (1)
Login for redigering