Har vedteke kommunikasjonsplan og språkbruksplan

kommunikasjon.jpg - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har i møte 15.02.18 vedteke ein ny kommunikasjonsplan og ein språkbruksplan. 

Planane finn du i høgremargen her.

Legg føringane for kommunikasjonsarbeidet

Kommunikasjonsplanen skal leggje føringane for kommunikasjonsarbeidet i Herøy kommune. Planen inneheld strategiar og tiltak som omfattar heile den kommunale verksemda, og krev at alle tilsette, leiarar og folkevalde tek eigarskap i den.

God intern kommunikasjon gir dei beste føresetnader for god ekstern kommunikasjon, og skal verke omdømebyggjande. Viktige mål for den nasjonale informasjons- og kommunikasjonspolitikken er at alle skal ha lik tilgang til å delta aktivt i den demokratiske prosessen.

Alle skal få informasjon om rettar, plikter og ha reell tilgang til informasjon om den offentlege verksemda. Informasjon er ikkje eit mål i seg sjølv, men er eitt av fleire verkemiddel for at kommunen skal nå måla sine.

Spesielle fokusområde

Dei fire ulike sektorane i Herøy kommune; sektor for samfunnsutvikling, sektor for stab, sektor for oppvekst og sektor for helse og omsorg, skal fram mot neste revidering ha spesielt fokus desse områda:

  • Vi-kjensla i Herøy kommune skal styrkast.
  • Klart og godt språk internt og eksternt skal arbeidast med i alle kommunikasjonskanalar.
  • Verktøy for digitalisering skal i større grad kartleggjast og nyttast i arbeidskvardagen.
  • Innarbeide klare rutinar for kommunikasjonsarbeidet og strategiar for bruken av sosiale media.

Skal gjerast meir tilgjengeleg

Med den nye kommunikasjonsplanen meiner ein at Herøy kommune vil sikre at tilsette og folkevalde arbeider aktivt med å gjere informasjonen enklare og meir tilgjengeleg for både sine eigne medarbeidarar og publikum. Tiltaka i planen har vidare som mål å styrke tilliten til innbyggjarane og lokaldemokratiet, og gjere kommunen meir effektiv.

Medviten språkbruk

Nynorsk er administrasjonsspråket i Herøy kommune. Dette omfattar sakshandsaming, rettleiing, informasjon og skjema på alle tenesteområde. Alle tilsette i den kommunale verksemda pliktar å bruke nynorsk i tenesta.

Språkbruksplanen tek for seg språkpolitiske mål, retningslinjer og tiltak. I tillegg til utarbeiding av språkbruksplanen, har ein i 2017, arrangert kurs i klart språk for å gjere dei tilsette medvitne om bruk av språk i det daglege arbeidet.

Med språkbruksplanen meiner ein at Herøy kommune vil sikre at ein har ein medviten språkbruk i tenesta.

Reviderast innan tre år

Kommunikasjonsplanen og språkbruksplanen er eit levande dokument og vert revidert etter tre år.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 01.03.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Lillian Haddal Informasjonkonsulent
481 88 613
@ Lillian Haddal
Login for redigering