Herøy kommune opnar for båtgarasjer i Leinevika

4.PNG - Klikk for stort bilete

 

Formannskapet vedtok 21.11.2017 reguleringsendring som vil opne etablering av båtgarasjer i Leinevika fiskerihamn. Du kan lese meir om saka her. 

Formannskapet hadde møte 21.11.2017 og behandla ei sak om omregulering av ein liten del av Leinevika fiskerihamn. Det vart søkt om endring av reguleringsplanen slik at det kan byggast båtgarasjer med plass til flytande båtar inne i staden for naust.

Formannskapet gjorde slikt vedtak:

I medhald av § 12-14 i plan- og bygningslova, vedtek Herøy formannskap reguleringsendring for N3 Leinevika fiskerihamn, datert 19.01.2017, og føresegner, datert 10.11.2017.

Godkjend reguleringsplan med tilhøyrande dokument ligg i menyen til høgre og tilgjengeleg i 1.etasje på Herøy rådhus dersom du vil lese dei.

Du kan klage på vedtaket innan tre - 3 - veker frå kunngjeringsdato.

Frist for klagen er 22.12.2017. Klagen skal vere grunngjeven og sendast til Herøy kommune, Utviklingsavdelinga, postboks 274, 6099 Fosnavåg eller postmottak@heroy.kommune.no 

 

Har du spørsmål om saka kan du kontakte:Ole Magne Rotevatn både per e-post og telefon,

ole.magne.rotevatn@heroy.kommune.no  - 90974128

 

 

 

Publisert av Ole Magne Rotevatn. Sist endra 30.11.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering