Herøy kulturhus og idrettshall - byggearbeid

2017-08-03 13.40.49.jpg - Klikk for stort bilete

Arbeidet med asbestsaneringa ved Herøy kulturhus og idrettshall er no avslutta. Det er sanert 788 kvadratmeter med golvbelegg. Arbeidet har vorte gjennomført etter planen og vart avslutta før tida av entreprenør. Dette er Herøy kommune særs nøgde med, med tanke på at ein i utgangspunktet skulle sanere omlag 650 kvadratmeter belegg.

Arbeidet som no står for tur er tilbakeføring av overflater og innredning til opprinnelig stand. Eigedomsavdelinga har inngått kontrakt med to entreprenørar for gjennomføring av dette arbeidet og oppstart er sett til mandag 07. august.


Arbeidet vil naturleg nok ta litt tid og heile kulturhuset vil ikkje kunne brukast med ein gong. Vi vil difor opne enkeltvise soner der vi vil forsøke å gjere huset mest mogleg brukarvenleg parallelt med arbeidet som foregår.

Vi er avhengige av publikum sitt tålmod for at alt skal gå etter planen og vi ber alle innstendig om å fylgje dei retningsliner vi legg fram for gjennomføringa:

  1. Les oppslag. Det vil vere oppslått informasjon på dei dørene det er forbode å gå inn.

  2. Respekter informasjonen. Dette er like mykje for dykkar eiga sikkerheit som for å sikre våre folk arbeidsro. Vi kan ikkje ta ansvar for folk som vandrar rundt i soner dei ikkje skal opphalde seg i.

  3. Hald deg oppdatert. Vi vil forsøke å kome med informasjon på heimesidene til Herøy kommune når vi har noko nytt. Dette vil også verte lagt ut på Facebook og vi håpar dette er tilstrekkelig for å nå ut til alle.


Vi vil no gjere alt vi kan for å ferdigstille arbeidet snarast mogleg og redusere ulempene for alle brukarar av kulturhuset, men kan ikkje seie noko foreløpig om kva tid vi er ferdig.

Biblioteket kan besøkast frå og med mandag 07. august. Ein lyt då bruke kulturskuleinngangen på nordsida for å kome seg inn. Dei som er avhengige av heis kan ringe biblioteket og få hjelp til å kome inn hovudinngangen. Telefonnummeret til biblioteket heng på hovudinngangsdøra.

Publisert av Robert Myklebust. Sist endra 03.08.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Robert MyklebustRobert Myklebust Eigedomsleiar
70 08 13 47
990 95 251
@ Robert Myklebust
Rolf- Henning Skrede HideRolf- Henning Skrede Hide Prosjektleiar
901 11 650
@ Rolf- Henning Skrede Hide
Login for redigering