Hovudopptak barnehagar 2017

barn.jpg - Klikk for stort bilete

Om du skal ha barnehageplass frå august 2017, må du hugse å søkje innan 01.03.2017.

I Herøy kommune har ein fire kommunale og fem private barnehagar. Det er felles søknadsskjema og samordna opptak ved barnehagane.

For søknad om plass frå 7.august 2017 må det søkast i perioden 01.01.17 – 01.03.2017.

Søknader om barnehageplass som kjem inn utanom dette, blir behandla ved supplerande opptak.

Ved hovudopptaket skal ein bruke søknadsskjema som er merka med 2017/18. Det finn du her.

Dei som har sendt inn søknad om barnehageplass før jul ,og ikkje fått tildelt plass, må søkje på nytt før 01.03.17 for å vere med i tildeling av plassar ved hovudopptaket.

Alle som søkjer innan fristen 01.03.17 og fyller 1 år innan 31. oktober har rett til plass.

Meir informasjon om barnehagane kan du finne her.

Ved Servicetorget i kommunen, tlf. 700 81 311, kan ein få hjelp til utfylling av søknaden.

Har du fleire spørsmål, kontakt barnehageleiar Laila K. Solhaug på tlf. 700 81 322/ 92 62 94 88

Nytt barnehageår startar 7. august 2017 i alle barnehagane bortsett frå Gnist barnehager Myklebust som tek inn nye barn frå 1. august 2017.

Dei som har plass i barnehage, treng ikkje søkje på nytt med mindre ein ønskjer å bytte barnehage.

 

 

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 27.02.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering