Husk ferdselsreglane på veg til badestranda

Vis omsyn til både grunneigar og naudetatar når du skal parkere og gå til sjøen. Illustrasjon: Pixabay - Klikk for stort bileteVis omsyn til både grunneigar og naudetatar når du skal parkere og gå til sjøen. Illustrasjon: Pixabay

Fleire plassar trakkar badegjestar og solhungrige rett over sårbar innmark i søket etter ei bra badestrand i sommarvarmen. Dette er ikkje lov. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og politiet minner om gjeldande ferdselsreglar.

Reglar for allemannsretten kan ikkje tolkast som fri ferdsel overalt i naturen. Utmark som skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjær kan brukast ganske fritt. På innmark er det fleire restriksjonar, og tilgangen er sterkt avgrensa. Med lite avling fleire stadar er det no viktig å la innmarka få stå så urørt som mogleg.
 

Greit å ferdast på privat veg og sti

Alle kan ferdes til fots på privat vei og tydelig anlagt sti, som ligger i innmark på vei til stranda, men det er ikkje tilgang til innmarka mellom 30. april og 14. oktober. Avgrensingane og restriksjonane for innmark gjelder for all dyrka jord som eng og åker, men også kulturbeite og skogplantefelt fram til plantene er 6 -8 meter høye. Innmark omfattar også fleire andre type areal,  noko som inneberer at du heller ikkje utan vidare kan gå over til dømes hustomter, hyttetomter, hagar eller parkar, eller inngjerda areal.
 

Unngå å skade naturgrunnlaget

Friluftslova gir altså både allemannsrett og  allemannsplikt. Pliktene og avgrensingane er der for at vi ikkje skal skade naturen eller naturgrunnlaget. Det er også slik at det som kan vere tillate for ein person eller nokre få saman, kan kome i strid med allemannsretten når mange opptrer samla på ein måte som fører til større ulemper. Friluftslova har endåtil ein såkalla sekkebestemmelse, der også andre type areal kan være innmark etter ei konkret vurdering. Skader eller ulemper for grunneigaren er vesentleg i denne vurderinga.

Vi minner også om at biler ikkje må parkerast slik at driftsvegar vert blokkert, av omsyn til både grunneigar og naudetatar. 

Så oppfordrer vi alle til å rydde opp etter seg. Ta med søppel heim!

​Sjå også ofte spurte spørsmål frå Miljødirektoratet om allemannsretten. 

Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 02.08.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering