Ingen dag er lik

Daniel Langvatn med uniform og brannhjelm framfor brannbilen..jpg - Klikk for stort bilete

- Det har vore ei variabel veke. Eg har ikkje hatt nokon spesifikke oppgåver. Har vore med på ein del møter, utrykning og brannøving. Elles for det meste vore med brannsjefen, seier 14-åringen.

Tekst: Thomas Teige Sporsheim. Foto: Tore Langvatn.

I fjor fekk også Langvatn junior vere på brannstasjonen under ein arbeidsdag som elevane hadde i 8.klasse. Brannsjefen er pappa Tore Langvatn.

- Det er tøft med ein pappa som er brannsjef. Og eg er glad på hans vegne, fortel den unge fotballspelaren.

Sterke inntrykk

Denne veka starta med bustadbrann førre måndag. Det var heldigvis berre materielle skader og alle som budde i huset kom seg ut uskadde. Å kome so nært på slikt kan vere tøft for ein tenåring.

Her frå utrykkinga til brannen på Leikong..jpg - Klikk for stort bilete

 

- Det er sterke inntrykk og som regel vil man få ein reaksjon på det. Eg er sjeldan urørt av personlege tragediar. Det er alt etter situasjonen, men det taklar eg, seier ungguten.

Veka har elles vore normal med diverse møter og brannøving på onsdag.

- Onsdag var vi på Marine Harvest og såg på beredskapsutstyr og fekk starta opp ei brannpumpe. Eg har også fått prøvd utstyr, vi har vore rundt på stasjonane og vore på tilsyn, forklarar Langvatn som heilt klart har fått meirsmak på det å vere omkring brannbilar og uniforma i framtida også.

- Du vert aldri lei av jobben din sidan den er så variabel, også er jobben særs spennande. Det er nye ting kvar dag og ingen dag er lik, seier 14-åringen som avslutta veka med gode vaflar til lunch, laga av John Normann Pettersen som er leiar for brannførebyggande avdeling.

- Det var ekte gode Toro-vaflar, avsluttar Daniel Langvatn.

Fosnavåg Brannstasjon håper at opphaldet har vore lærerikt og at lysta er tilstade for å kunne jobbe hjå stasjonen seinare.

Her prøvar Daniel brannbilen..jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

Publisert av Susann Fosnavåg. Sist endra 12.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering