Innfører hamneavgift

DSC00324.JPG - Klikk for stort bilete

Men båteigarar med båt under 15 meter (45 fot) slepp å betale anløpsavgift.

Det vert innført to avgifter, der eine går på anløp og den andre på vederlag for bruk av kommunale kaier.

Anløpsavgifta skal betalast av alle båteigarar, men med unntak av dei som har båt under 15 meter (45 fot) og  dei andre som får fritak i forskrifta. Anløpsavgifta på 140 kroner skal betalast kvar gong ein båt legg til, kai, uavhengig av kven som er kaieigar, men kan ikkje krevjast meir enn ein gong i døgnet.

Om fritak

I den vedtekne forskrifta står det at fritak for anløpsavgift gis til:

- Fartøy som passerer sjøområdet utan å anløpe kommunal eller privateigd kai.

- Fartøy som anløper hamn på grunn av skade eller nødstilstand og fartøyet ikkje lastar eller lossar.

- Bergingsfartøy eller isbrytar under utføring av berging og isbryting.

- Orlogsfartøy (krigsskip/marinen), så vel norske som utanlandske.

- Kystverket sine fartøy i samband med arbeid i farvatnet.

- Fartøy tilhøyrande Redningsselskapet (redningsskøytene).

- Fartøy med største lengde under 15 meter.

Her kan du sjå videoverføringa då saka var oppe i kommunestyremøtet 09.03.17.

Ordninga vil gjelde frå april

Anløpsavgifta skal gjelde for alle kaier i kommunen, medrekna dei private kaiene som ingen andre enn kaieigarane sine eigne båtar nyttar seg av. Vederlag for kaibruk kan derimot ikkje krevjast inn for bruk av andre enn dei kommunale kaiene. Dette gjeld dermed berre kaiene på Mjølstadneset og Fiskerikaia i Fosnavåg.

Vederlag på kaibruk omfattar også ulike tenester knytt til straum, vatn, ISPS, renovasjon som fartøya kan nytte seg av ved kailigge, lasting/lossing og liknande.

Anløpsavgifta skal med anna nyttast til tiltak og drift/vedlikehald i farleier i kommunalt sjøområde.

Vederlag for bruk av kommunale kaier skal med anna nyttast til investering, drift og vedlikehald av kommunale kaier med tilhøyrande landareal.

Den nye avgiftsordninga vil gjelde frå 1. april i år.

Sjå også:

- Særutskrift K-sak 20 17. Hamneavgift. (PDF, 723 kB)

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 14.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering