Invitasjon til leverandørdialog 25. april 2018 kl.10

Dagens stasjon - Klikk for stort bilete

Herøy kommune inviterer til leverandørdialog 25. april kl 10 ved Herøy rådhus om bygging av fleirbrukshall ved Einedalen skule og ny hovudbrannstasjon på Eggesbønes. 

Herøy kommune  skal i 2018 starte bygginga av både fleirbrukshall ved Einedalen skule og ny hovudbrannstasjon på Eggesbønes.

Formålet med leverandørdialogen er å få innspel frå leverandørmarkedet før byggeprosjekta vert utlyst på anbod. Gjennom generell informasjon til møtedeltakarane og etterfylgjande individuell dialog håper vi på eit betre grunnlag for etterfylgjande konkurranse og forhandling om prosjekta.

Program for dagen

1. Velkommen

2. Prosjekt 70021 - Einedalen skule - fleirbrukshall

3. Prosjekt 61504 - Hovudbrannstasjon

4. Indiviuelle samtalar

Frist for påmelding til leverandørdialogen er torsdag 19. april. Skjema for påmelding finn du her.

Publisert av Robert Myklebust. Sist endra 09.03.2018
Fann du det du leita etter?
Eksterne lenke (1)
Login for redigering