Jobbmesse for heile Søre Sunnmøre

20. september blir det jobbmesse i Ulstein Arena for heile Søre Sunnmøre. Illustrasjon: Ariktektteikning  - Klikk for stort bilete20. september blir det jobbmesse i Ulstein Arena for heile Søre Sunnmøre. Illustrasjon: Ariktektteikning

Ser du etter jobb? NAV Møre og Romsdal arrangerer jobbmesse i Ulstein Arena 20. september 2018.

NAV opplever auka etterspurdnad etter arbeidskraft frå fleire bransjar. 20. september møter meir enn 40 verksemder med rekrutteringsbehov i Ulstein Arena for å møte menneske på utkikk etter ny jobb.

NAV er positiv til responsen frå næringslivet. Mange verksemder melder at dei har rekrutteringsbehov, spesielt innan Bygg og Anlegg. Men også hotell, verft, maritim industri  og andre har behov for arbeidskraft.  Vi oppmodar alle som er klar for ny jobb,  både arbeidsledige og jobbskiftarar, om å ta med seg CV i fleire eksemplar og møte i Ulstein Arena torsdag 20. september. Jobbmessa er gratis både for utstillarar og besøkande.
 
Messa er open frå 12.00 – 15.00.
 
 
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 13.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering