Kjem barna i Herøy til gode

eksamensgjengen.png - Klikk for stort bilete

 

I Herøy gjennomførte mange barnehagelærarar, styrarar og to rektorar kursrekka "Være sammen" våren 2018.

Dei fekk gjennom denne kursrekka innblikk i mellom anna:

Autoritative vaksne (tydeleg vaksenstil på ein forklarande og varm måte)

  1. Handtering av utfordrande åtferd
  2. Relasjonsbygging og kommunikasjon 
  3. Implementering og organisasjonsutvikling  
  4. Tidleg innsats 

Har du relasjonskompetanse då har du evne til:

  1. Å skape eit positivt klima
  2. Evne til perspektivtaking, ta forskjellige perspektiv
  3. Sensitivitet

Etter kursdagane har nokre av barnehagelærarane fordjupa seg meir i fagområda og leverte eksamensoppgåva si 8. juni i år.

Dei som har tatt eksamen er: Bodil J. Kopperstad, Lena V. Sævik, Kathrine Nybø, Oddhild D. Aas og Ann-Kristin B. Myklebust

Vi i Oppvekstadministrasjonen er stolte over innsatsen deira, og gler oss over kompetansen som vil kome barna i Herøy til gode.

Publisert av Susann Fosnavåg. Sist endra 12.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering