Kunngjering av tilskot til etablering og tilpassing av bustad

Illustrasjon: Pixabay - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Pixabay

Husbanken har tildelt Herøy kommune vidaretildelingmiddel for 2017.

Husbanken har bevilga kommunen:
Tilskot til etablering kr. 400 000,-
Tilskot til tilpassing av bustad kr. 50 000,-

I tillegg vart kr. 100 000,- i tilskot til tilpassing av bustad overført frå 2016 til 2017.

Kommunen har handlingsrom i forvaltninga av desse tilskota og kan velge å overføre midlar mellom dei to kategoriane for å kunne målrette bruken av tilskot til aktuelt behov.

Formål med tilskot til etablering
Tilskot til etablering skal bidra til at vanskeligstilte på bustadmarknaden skal kunne etablere seg i eigen bustad.

Formål med tilskot til tilpassing
Tilskot til tilpassing skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad får finansiering til dette, samt auke tilgjengeligheita i bustadmassen. Det skal leggast vekt på at behovet for tilpassing er av varig karakter. Tilskotet kan heilt eller delvis dekke godkjente kostnadar ved tilpassing av bustad.

Familiar med barn med nedsett funksjonsevne skal ha høg prioritet ved tildeling av tilskot, og skal utgjere 40% av tilsegna. Tildeling av tilskot skjer etter økonomisk behovsprøving og vert elles tildelt etter vilkår gitt av Husbanken gjennom "Retningslinjer om tilskudd til tilpasning av bolig med mer".

Prioriterte målgrupper
Søknadar vert prioritert etter følgjande rekkefølge, jfr Husbankens retningsliner og rettleiing:

1. Familiar med barn med nedsett funksjonsevne og eit dokumentert behov for tilpassing.

2. Husstandar med dokumentert behov og svak økonomi.                                                                                

3. Husstandar med dokumentert behov og normal/ god økonomi.

4. Husstandar som ønskjer å tilrettelegge for framtidig behov.

Søknadsfrist og tildeling
Husbanken deler i hovudsak ut tilskot til kommunane for vidaretildeling berre ein gong per år.

Herøy kommune har difor beslutta at vidaretildeling av tilskot til tilpassing av bustad vil skje samla ein gong for året.
Skulle vi som i 2016 få ei ekstratildeling frå Husbanken mot slutten av året, vil vi foreta ei ekstra tildelingsrunde. Dette vil eventuelt bli gjort kjent på kommunen si heimeside.

 

NB! Utvida søknadsfrist for tilskot til tilpassing av bustad: 15.05.2017

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 15.03.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Ida  Myklebust Ida Myklebust Bustadkonsulent
70 08 17 49
@ Ida Myklebust
Login for redigering