Kvikk Herøy – eit nybrotsarbeid

Malin Nerland (til høgre) er tilsett i Kvikk Herøy. Her saman med Anniken Kessler-Myking som var med i Kvikk Herøy frå starten av. - Klikk for stort bileteMalin Nerland (til høgre) er tilsett i Kvikk Herøy. Her saman med Anniken Kessler-Myking som var med i Kvikk Herøy frå starten av.

Kvikk Herøy er eit samarbeidsprosjekt mellom Teneste for Psykisk helse og Teneste for bustadsosial og rus. Det er eit lågterskeltilbod til menneske over 18 år med utfordringar i kvardagen. 

Ein veit at aktivitet er positivt for både den fysiske og psykiske helsa vår, og at det å vere saman med andre er positivt for mange. Siste åra har det blitt eit større fokus på å ta med aktivitet og kreativitet inn i behandlinga av rus og psykisk liding. På bakgrunn av dette har Herøy kommune søkt Fylkesmannen om midlar til Kvikk-prosjektet. Kvikk-prosjektet er ei styrking av tenestene til menneske med psykisk helseutfordring og/eller rusutfordring. Det er tilbod om gruppeaktivitetar og individuell oppfylging. Det vil vere fokus på meistring, fellesskap, aktivitet, kreativitet og kvardagsglede. Målet til Kvikk er å gi eit tilbod som kan treffe mange ulike menneske og deira pårørande uansett utfordring. Om ein har spesielle ynskje om aktivitet eller gjeremål, kan ein ta kontakt for å snakke om det er mogleg.

Tilsett

Malin Nerland er utdanna sosionom og er tilsett i 100 % stilling. Malin har elles jobba i Herøy kommune i fleire år som hjelpepleiar.

Ulike gruppetilbod

Ein treng inga tilvising for å delta i Kvikk, eller ha andre tenester om ein ynskjer å delta. Kvikk har allereie starta opp med ulike aktivitetar. Kvikk har kvar veke badegruppe, turgruppe og kreativ gruppe. Det er også tilbod om kino på dagtid fyrste torsdagen i månaden. Det kan bli endringar på gruppetilbodet undervegs. Elles tilbyr Kvikk Herøy individuell oppfølging og er opne for å starte opp andre grupper etter ønskje og behov dersom det er mogleg innanfor rammene til Kvikk.

 

Kvikk Herøy tilbyr ulike aktivitetar. Dei har vore på fleire flotte turar. - Klikk for stort bileteKvikk Herøy tilbyr ulike aktivitetar. Dei har vore på fleire flotte turar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ta gjerne kontakt

Om du ynskjer å delta, kan du sjølv ta kontakt for ein uforpliktande samtale med Malin.
 
Kontaktinformasjon:
 
Malin: malin.nerland@heroy.kommune.no
Tlf: 918 90 167
 
 
 
Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 03.10.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Malin Nerland Miljøterapeut
918 90 167
@ Malin Nerland
Login for redigering