Lansering av mat-app i Fosnavåg nyskapingspark

Nyskapingsparken midt i sentrum av Fosnavåg blir arena for lanseringa av den nye appen Bazeat, som skal gjere vegen kort mellom kunde og matprodusent. Arrangementet startar mandag 16. april klokka 14, og er ope for alle.  - Klikk for stort bileteNyskapingsparken midt i sentrum av Fosnavåg blir arena for lanseringa av den nye appen Bazeat, som skal gjere vegen kort mellom kunde og matprodusent. Arrangementet startar mandag 16. april klokka 14, og er ope for alle.

Måndag 16. april vert det lansering av ein ny app for matbransjen i Fosnavåg Nyskapingspark. Mellom andre, blir ordførar Arnulf Goksøyr med på å opne arrangementet. 

Det er det lokale firmaet Creeact AS, som har utvikla appen Bazeat. Appen skal fungere som ein digital matbasar der kundar enkelt kan kjøpe mat direkte frå leverandøren.

 -Bazeat har teke utfordringane i matvarebransjen på alvor, og vil bidra til eit skifte der det er plass til alle matprodusentane, fortel Børre Waagan frå Creeact AS i ei pressemelding.

Til opninga som startar klokka 14, kjem i tillegg til ordføraren, kjem Camilla Hoddevik som er regionalbanksjef i DNB, Johan Barstad som er forskar ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling, Martin Folldal som er leiar av Sunnmøre Kulturnæringshage og Aud Lindset Drågen frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Arrangementet er ope for alle. 

Nokre av leverandørane som er med på Bazeat frå starten av blir også å finne i Nyskapingsparken denne dagen, mellom anna Lisa Mari Breivik Anderson som driv «Gode Greier» på Dimnøya i Ulstein kommune. 

Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 13.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering