Ledig 100% stilling som rektor

Einedalen skule.JPG - Klikk for stort bilete

Stillinga er fast ved Einedalen skule, og er ledig frå 01.08.17.

Einedalen skule opna i januar 2010, og ligg fint til på Nærøya, med nærleik til sjø og fjell. Skulen har ca 190 elevar på 1.-7.årstrinn. Der er moderne og funksjonelle areal for læring og leik, både ute og inne. Skulen har også SFO og base for funksjonshemma barn.

Rektor skal leie skulen slik at alle elevar har eit trygt og godt læringsmiljø, og dei tilsette eit godt arbeidsmiljø. Det skal leggast til rette for læring og trivsel, gjennom dagleg drift og langsiktig utvikling.

Vi treng ein rektor som:

  • Har høgare utdanning innan pedagogikk og helst også leiing
  • Kan vise til gode leiareigenskapar
  • Har erfaring med skuleutvikling
  • Kan vise til resultat i arbeidet sitt som lærar og leiar
  • Kan å bygge relasjonar, og involvere til samarbeid mot felles mål
  • Kommuniserer tydeleg
  • Er oppteken av å utvikle gode lærings- og arbeidsmiljø
  • Har fleire års erfaring frå grunnskulen, helst både som lærar og leiar

Vi kan tilby:

  • Spennande utfordringar, med høve til læring og utvikling
  • Eit utviklingsorientert og støttande leiarteam på kommunenivå
  • IA-bedrift, og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Søknaden skal leverast elektronisk. Om du treng hjelp, ta kontakt med Servicetorget, tlf. 700 81311

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.  Søkjarlista kan verte offentleggjort.

STILLINGSTYPE: Fast

STILLINGSSTORLEIK: 100 %

ARBEIDSSTAD: Einedalen skule

STILLINGSID: 715

SØKNADSFRIST: 24.04.17

Publisert av Eli Gunn Hartvigsen Botn. Sist endra 19.04.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Sølvi Lillebø Remøy Kommunalsjef
70 08 13 87
957 64 125
@ Sølvi Lillebø Remøy
Eksterne lenker
Login for redigering