Marine grunnkart veks vidare og opnar havet !

Marine grunnkart - Klikk for stort bilete

Dei nye karta frå kommunane Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje vart mottatt med både skryt og begeistring. Ein som kjenner godt til produkta frå tilsvarande kartlegging på Søre Sunnmøre for tre år sidan, er kommunalsjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune.

- Slike kart gir oss meirverdi og opnar havet på ein heilt ny måte. Ved å bidra økonomisk til ein slik kartlegging legg vi til rette for at kloke hovud kan drive både næringsutvikling og betre planlegging, sa Møller blant anna då han gjesta møtet i Florø.

Les meir om prosjektet i Sogn og Fjordane her : http://www.ngu.no/nyheter/nye-sjobunnskart-i-vest

På Sunnmørskart finn du marine grunnkart for Herøy. Sjå også artikkel frå juni 2016 : Marine grunnkart i Herøy og på søre sunnmøre.

 

Publisert av Wenche Moltu. Sist endra 12.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering