Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringsløyve for forflyttingshemma vert tildelt bilførar eller passasjer, etter søknad vedlagd legeerklæring.

Søknadsskjema: Parkeringsløyve for rørslehemma 

Lovverk: "Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede" 

Parkeringsløyve er meint som eit hjelpemiddel for personar som på grunn av vesentleg nedsatt forflyttingsevne har særleg behov for parkering på ein eller fleire konkrete stadar der det tilgjengelege parkeringstilbod ikkje kan nyttast. Løyvet er meint å løyse konkret oppgitt parkeringsproblem for personar som har vanskar med å bevege seg.

Parkeringsløyve er personlig tildelt og må kun nyttas av kortinnehavar. Kortet må sjåast på som eit verdipapir.

Ved tildeling vert både den medisinsk betinga bevegelseshemminga og det konkret oppgitte parkeringsbehovet vurdert.

  • Problemer med å bære, eller behovet for å bruke bil gir ikkje i seg sjølv grunnlag for parkeringsløyve.
  • Legeerklæringen er ikkje det einaste grunnlag for vurdering av om søkjaren bør få utstedt parkeringsløyve.
  • I søknaden må det gjerast greie for dei forhold som gjer at det er behov for å parkere på stader der det tilgjengelege parkeringstilbod ikkje kan nyttast.

Kontakt

Elisabeth Sæbønes leiar service og dokumentasjon
91685027
@ Elisabeth Sæbønes