Nerlandsøybrua er sak i samferdselsutvalet

Nerlandsøy bru- Foto: Berit Sandvik Skeide - Klikk for stort bilete

I møte den 14 mars er Nerlandsøybrua tema i samferdselsutvalet.

Fylkesrådmannen rår til at med dei føringane som ligg til grunn, samanstilt med gjeldane økonomiske rammer, vert valt alternativ A som vedlikehaldsstrategi for fv. 20 Nerlandsøybrua i Herøy kommune. Det vil seie nybygg om 5-6 år og jamn oppfølging av brua fram til den tid.

I saka rår fylkesrådmannen til at det vert arbeidd med alternative løysingar for kryssing av Vaulane der ein ser på rimelegare løysingar slik at investeringskostnader på bruer i framtida går ned.

I forslag til vedtak står det at samferdselsutvalet ber fylkesrådmannen legge fram ei sak til møte isamferdselsutvalet 12. november 2018 der ein klargjer ulike alternativ for kryssing av Vaulane.

Les meir her - https://einnsyn.mrfylke.no/application/get_document/1285654?hash=5d779f4fae1842ff21cc014972f9840a

 

Publisert av Jarl Martin Møller. Sist endra 07.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering