Nye dører på Herøy kulturhus og Idrettshall

Kulturhuset.jpg - Klikk for stort bilete

Mandag 15.01.2018 startar arbeidet med utskifting av dører på Herøy kulturhus og idrettshall. Arbeidet omfattar skifting av ytterdører og innerdører.

Dette medfører at branntryggleiken vil verte betre ivareteken ved bygget og at rømmingsvegane vil fungere betre i ein eventuell krisesituasjon.
 
Den store endringa og forbetringa for publikum vil vere ei oppgradering av låsesystemet på bygget. Dette vert skifta ut med eit nytt system der bygget vert delt inn i soner med kortlesarar som gir tilgang for publikum enten ved spesielle tidsrom eller ved hjelp av nøkkelkort.
 
Vidare vil alle låsar på bygget verte skifta ut slik at gamle nøklar ikkje vil fungere lenger. Dette betyr at når vi er ferdig med arbeidet må du ha eit kort eller ein nøkkel for det nye systemet for å kunne bruke bygget. 
 
Eigedomsavdelinga tek sikte på å kalle inn til eit møte der brukarane får meir informasjon om låsesystemet og nøklar vert utdelt til lag og organisasjonar som brukar bygget. 

 

Publisert av Rolf Henning Hide. Sist endra 12.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering