Nye fartshumpar i kommunen

Farthumpar er no på plass ved Nerlandsøya skule. - Klikk for stort bileteFarthumpar er no på plass ved Nerlandsøya skule.

No har kommunen etablert fartshumpar forbi skulen på Nerlandsøy. På fylkesveg er det også krav om skilting, så her er sett opp varselsskilt i begge retningar.

Før jul i fjor vart det også etablert fartshumpar på dei kommunale vegane Toftestøvegen (Bergsøy), Hjelmesetvegen (Bergsøy), Grønfjellsvegen (Frøystad) og Storenesvegen (Tjørvåg).

Fartshumpane var søkt om og vart prioriterte i førre rullering av trafikktryggingsplanen.

Fartshumpane er skilta.  - Klikk for stort bileteFartshumpane er skilta.

Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 16.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering