Nye legar på plass i Herøy

Marte Vaage Øie (turnuslege) og Ørjan Yri (allmennlege i spesialisering) har akkurat starta i arbeidet ved Herøy legesenter på Eggesbønes. - Klikk for stort bileteMarte Vaage Øie (turnuslege) og Ørjan Yri (allmennlege i spesialisering) har akkurat starta i arbeidet ved Herøy legesenter på Eggesbønes.

No er to nye legar på plass ved Herøy legesenter.

Marte Vaaage Øie frå Ørsta er ny turnuslege og starta måndag 4. september. Ho skal vere i Herøy ut turnusperioden i februar. 

Kjem frå Volda sjukehus

Ho har studert medisin ved NTNU i Trondheim og kjem frå Volda sjukehus der ho har hatt første del av turnusperioden sin.

- Dette vert veldig spanande, seier Marte Vaage Øie som har lyst til å arbeide i allmennpraksis vidare, og håpar at tida ho får i Herøy gir meirsmak.

Kompetansen innanfor alderspsykiatri

Ørjan Yri er frå Hareid, og er ny allmennlege i spesialisering.

Han starta i stillinga fredag 1. september.

Yri har vore listlege i psykiatrien i Ålesund (ved sjukehuset, alderspsykiatri og Sjøholt DPS) og som legevikar for akuttbehandlingsteam.

Han har medisinutdanninga si frå Budapest og Noreg.

- Eg ser fram til å kome i gang her i Herøy, seier Yri med eit smil.

- Jobben her er midt i blinken for meg, og på fritida kan eg drive med både fiske og fridykking i desse flotte områda, legg han til.

Begge vil etter kvart gå inn i legevaktordninga i Myrvåg.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 05.09.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering