Nytt høgdesystem – NN2000

20170425_111152.jpg - Klikk for stort bilete

Herøy kommunen går over til nytt høgdesystem den 24. april.

 

NN2000 erstattar NN1954

Høgdesystemet er den referansen som ligg til grunn når ein oppgir kor mange meter over havet (moh.) til dømes eit fjell eller ein innsjø ligg.

Høgdesystemet vi har hatt i Noreg dei siste 60 åra, heiter NN1954. Det står for «normal null av 1954». Dette er eit gamalt system som inneheld betydelege mangler og svakheiter.

I tillegg hever Noreg seg framleis etter istiden, enkelte stader opptil 5 mm i året.

Derfor har Noreg behov for eit nytt høgdesystem. Det har fått namnet NN2000.

 

Fastmerker som utgjer referanseramma i NN2000, vil få nye høgdeverdiar. Eksisterande geografisk informasjon som er høgdebestemt i NN1954, til dømes byggjehøgder, veghøgder og høgder på VA-anlegg, vil bli overført til det nye høgdesystemet.

Skilnaden mellom NN1954 og NN2000 er frå -15 til om lag +35 centimeter. I Herøy kommune er det skilnader frå 0 til -5 cm.

 

Viktig

Innføring av NN2000 krev ei omregning av alle høgdeberande data og råkar offentlege etatar, planleggjarar, arkitektar, entreprenørar, prosjektørar og landmålarar.

Det betyr at det må lastast inn nye høgdefiler i instrumenter som vert brukt i samband med oppmåling.

 

Meir informasjon kan du finne på Kartverkets heimesida og her kan ein også laste ned ny referansefil.

 

Alle data som vert utlevert av Herøy kommune etter 24. april er i NN2000.

Jobbar du med prosjekt som treng nye data, ta kontakt med Agita Freimane.

Publisert av Agita Freimane. Sist endra 25.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering