Nytt servicetilbod for familiar med akutte behov for hjelp

Illustrasjonsfoto: Pixabay.com - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Pixabay.com

Familiestøtte er eit servicetilbod for småbarnsfamiliar som har akutte og spesielle behov.

Kommunestyret bestemte før jul å opprette eit nytt servicetilbod for småbarnsfamiliar. Tilbodet er meint som hjelp til å meistre kvardagen i eigen heim, og skal kunne settast i gong på kort varsel.

Tilbodet er aktuelt for dei som av ulike grunnar har særlege behov for bistand, for eksempel ved dødsfall, akutt sjukdom, eller spesielt krevjande familiesituasjonar. Ordninga tek sikte på å vare i inntil 2 månadar, og er tilgjengeleg kvardagar mellom 08-16.

Ordninga innførast med ei prøveperiode på 2 år. Du kan lese meir om tenesta her.

Publisert av Gro Anette Frøystad Voldsund. Sist endra 07.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering